Arbeida med skjema
NÄr du bruker skjema, kan du bestemma korleis dataa skal visast. Opna eit tekstdokument eller eit rekneark og set inn kontrollelementa du vil bruka, for eksempel trykknappar og listeboksar. Kvart kontrollelement har eit dialogvindauge for eigenskapar som du kan bruka til Ä velja kva data som skal visast i skjemaa.
Laga eit nytt skjema ved hjelp av skjemavegvisaren
I LibreOffice du kan laga eit nytt skjema ved Ă„ bruka skjemavegvisaren:
-
Opna databasefila der du vil laga det nye skjemaet.
-
Klikk pÄ ikonet Skjema i det venstre feltet i databasevindauget.
-
Trykk pÄ Lag skjema med vegvisar.
Laga eit nytt skjema manuelt
-
Opna databasefila der du vil laga det nye skjemaet.
-
Klikk pÄ ikonet Skjema i det venstre feltet i databasevindauget.
-
Trykk pÄ Lag skjema i utformingsvising.
Eit nytt tekstdokument vert opna. Bruk verktĂžylinja Kontrollelement for skjema til Ă„ setja inn kontrollelement i skjemaet.

Trykk pÄ Skjema for Ä fÄ tilgang til alle skjema som er laga ved hjelp av det gjeldande databasevindauget. Du kan ogsÄ bruka knappane pÄ verktÞylinja Kontrollelement for skjema til Ä leggja til kontrollelement for databaseskjema i kva Writer- eller Calc-dokument som helst, men desse dokumenta vert ikkje viste i lista i databasevindauget.